Å eg veit meg eit land

Mel:
Tekst: Elias Blix

1.
Å eg veit meg eit land langt der oppe mot nord,
med ei lysande strand mellom høgfjell og fjord.
Der eg gjerne er gjest, der mitt hjarta er fest
med dei finaste, finaste band.

Refr.: : /: Å minnest, å eg minnest, å eg minnest så vel dette land! : /:

2.
Der eit fjell stig mot sky med si kruna av snø,
og i lauvklednad ny det seg speglar i sjø.
Og det smiler mot strand med si bringe i brann
i den solklåre, solklåre kveld.

Refr.: : /: Å eg minnest, å eg minnest, å eg minnest så vel dette fjell! :/:

3.
Ja eg kjenner den stad der eg stima som gut,
der eg kaua og kvad, so det svara frå nut.
Der eg leika og log i den lauvkledde skog.
Mellom blomar, ja blomar og blad:

Refr.: :/: Å eg minnest, å eg minnest, å eg minnest så vel denne stad! : /:

4.
I min heim var eg sæl av di Gud var attved,
og eg kjende så vel kor det anda Guds fred.
Når til kyrkja me f6r, når me heime heldt kor,
og med moder, ja moder eg bad:

Refr.: :/: Å eg minnest, å eg minnest, å eg minnest så vel denne stad! :/:

5.
Denne heim er meg kjær som den beste på jord.
Han mitt hjarta er nær denne fjetrande fjord,
og det målande fjell og den strålande kveld,
hugen leikar, ja leikar på deim:

Refr.: : /: Å eg minnest, å eg minnest, å eg minnest så vel denne heim! : /:

6.
Og eg lengtar så tidt dette landet å sjå,
og det dreg meg så blidt, når eg langt er ifrå.
Med den vaknande vår vert min saknad so sår,
så mest gråta, mest gråta eg kan:

Refr.: : /: Å eg minnest, å eg minnest, å eg minnest så vel dette land! : /:





Fil: sanger/å_eg_vei.html