Fager kveldsol smiler

Tekst: A.H.H.von Fallersleben
Mel: J.Chr.H.Rinck
Norsk tekst: Peter Hognestad



 
Fager kveldsol smiler 
over heimen ned,
jord og himmel kviler
stilt i heilag fred.

Berre bekken brusar
frå det bratte fjell.
Høyr, kor sterkt det susar
i den stille kveld.

Ingen kveld kan læra
bekken fred og ro.
Ingi klokke bera
honom kvilebod.

Så mitt hjarta stundar,
bankande i barm,
til eg eingong blundar
i Guds faderarm.





Fil: sanger/fager_kv.html