Tekst: Trygve Bjerkrheim
Han tek ikkje glansen av livet,
den Frelsar som kallar på deg.
Fyrst då kan for alvor du leva,
når han får deg fylja på veg.
Du høyrer dei dårande røyster,
som lovar deg gullglim og glans.
Men ingen legg lys over vegen,
som Jesus og kjærleiken hans.
Han hjelper i brattaste bakkar,
og stydjer når vegen vært smal.
Han signar dei sollyse sletter,
og lyser i dødskyggens dal.
Han fører deg frelst over fjorden,
heilt fram til den himmelske strand.
Når døden sin brottsjø vi møter,
vil Jesus dra båten i land.
Han tek ikkje glansen av livet,
han gyller din morgon og kveld.
Og opnar ei dør til dei salar,
der ævelig høgtid du held.
Fil: han_tek_.html