Mel:
Tekst: Elias Blix
Det er vanlig å bare synge versene 1, 2,9 og 10. Derfor står de andre i kursiv.
1.
No livnar det i lundar, No lauvast det i lid,
Den heile skapning studar No fram til sommars tid.
2.
Det er vel fagre stunder Når våren kjem her nord,
Og atter som eit under Nytt liv av daude gror.
3.
Guds kyrkja lysa skulle Som høgt på berg ein stad,
Med sommar utan kulde Og utan solarglad.
4.
Guds ord vel alltid lyser, Den sol gjeng aldri ned,
Det hus som Anden hyser, Ligg støtt i ljos og fred.
5.
Men stundom kom då kulde På Herrens kyrkjemark.
Det var som Gud seg dulde, Og borte var Guds ark.
6.
Det var dei mørke dagar, Guds ord var fåhøyrd segn.
Og hjarta frys og klagar, Det saknar sol og regn.
7.
Så sende Gud sin Ånde Som dogg på turre jord.
Då vakna liv i lande, Då grøddest vent Guds ord.
8.
Då er det sæle tider For Kristi kyrkjegrunn.
Då lauvast det i lider, Då livnar det i lund.
9.
Du vår med ljose dagar, Med lengting, liv og song!
Du spår at Gud oss lagar Ein betre vår ein gong, -
10.
Då me med vigsla tunga, Med kjærleik heil og klår,
Alt utan brest og sprunga Skal lova Herren vår.
Fil: sanger/no_livna.html